Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Salomo førebur tempelbygginga

1. Då Hiram, kongen i Tyros, fekk høyra at Salomo var salva til konge etter far sin, sende han tenarane sine til Salomo. For Hiram hadde alltid vore ein god ven av David.

2. Sidan sende Salomo bod til Hiram med desse orda:

3. «Du veit at David, far min, ikkje fekk bygd eit hus for namnet til Herren sin Gud, fordi det var krig rundt han på alle kantar, til Herren la fiendane under føtene hans.

4. Men no har Herren min Gud gjeve meg fred rundt ikring. Det finst ingen motstandar, og inga ulukke trugar.

5. Difor har eg no tenkt å byggja eit hus for namnet til Herren min Gud, slik som Herren sa til David, far min: Son din, som eg vil setja på kongsstolen etter deg, han skal byggja huset for namnet mitt.

6. Sei no frå til folka dine at dei skal hogga sedertre til meg frå Libanon. Så skal mine folk arbeida med dine folk, og løna til folka dine vil eg gje deg etter ditt eige ord. For du veit at det finst ingen hos oss som skjønar seg så vel på å hogga tre som sidonarane.»

7. Då Hiram høyrde Salomos ord, vart han inderleg glad og sa: «Velsigna er Herren i dag, han som har gjeve David så vis ein son og sett han til å styra over dette store folket.»

8. Så sende Hiram bod til Salomo med desse orda: «Eg har fått den bodskapen du sende meg. Eg skal i alle måtar gjera som du ønskjer med sedertrea og sypressane.

9. Folka mine skal føra dei frå Libanon ned til havet. Så skal vi leggja dei på flåtar og føra dei på havet til den staden du seier meg. Der skal vi ta dei frå kvarandre, og så kan du henta dei. Sidan må du gjera som eg ønskjer, og la meg få det eg treng til hushaldet mitt.»

10. Så lét Hiram Salomo få det han ville av sedertre og sypressar.

11. Og Salomo gav Hiram tjue tusen kor kveite til hushaldet hans og tjue kor fin olivenolje. Så mykje sende Salomo til Hiram år etter år.

12. Herren gav Salomo visdom, slik som han hadde lova. Det var fred mellom Hiram og Salomo, og dei gjorde pakt med einannan.

13. Kong Salomo la pliktarbeid på heile Israel, og pliktarbeidarane talde tretti tusen mann.

14. Dei sende han i skift til Libanon, ti tusen kvar månad. Ein månad var dei i Libanon og to månader heime. Adoniram hadde oppsyn med pliktarbeidarane.

15. Salomo hadde sytti tusen berarar og åtti tusen steinhoggarar i fjellet

16. og i tillegg arbeidsformennene som stod under futane hans. Dei var tre tusen tre hundre i talet og hadde oppsyn med arbeidsfolket.

17. Kongen baud at dei skulle bryta store og kostbare steinar, så grunnvollen til tempelet kunne leggjast med hoggen stein.

18. Bygningsmennene til Salomo og Hiram og mennene frå Gebal hogg dei til. Dei gjorde i stand både stokkane og steinane som tempelet skulle byggjast av.