Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

Riket blir delt

1. Rehabeam fór til Sikem, for heile Israel var kome dit og skulle gjera han til konge.

2. Dette fekk Jeroboam, son til Nebat, høyra. Han var endå i Egypt. Dit hadde han rømt for kong Salomo, og der hadde han vorte buande.

3. No sende dei bod etter Jeroboam. Og så kom han og heile Israel samla til Rehabeam og sa:

4. «Far din la eit tungt åk på oss. Men no må du letta det harde arbeidet og det tunge åket som far din la på oss, så skal vi tena deg.»

5. Men han svara dei: «Gå bort og kom så tilbake til meg om tre dagar!» Og folket gjekk sin veg.

6. Kong Rehabeam samrådde seg først med dei gamle, dei som hadde gjort teneste hos Salomo, far hans, medan han levde. Han spurde: «Kva rår de meg til å svara dette folket?»

7. Dei svara: «Om du i dag gjer deg til tenar for dette folket så du tener dei og svarar dei med venlege ord, då kjem dei til å tena deg alle dine dagar.»

8. Men Rehabeam vraka rådet dei gamle gav han. Han spurde dei unge til råds, dei som hadde vakse opp saman med han, og som no gjorde teneste hos han.

9. «Kva rår de oss til å svara dette folket?» spurde han. «Dei har bede meg letta det åket far min la på dei.»

10. Då svara dei unge som hadde vakse opp saman med han: «Folket sa til deg: Far din la eit tungt åk på oss. Du må gjera det lettare for oss! Men slik skal du svara dei: Veslefingeren min er tjukkare enn midja til far min.

11. Far min la eit tungt åk på dykk, eg skal gjera det endå tyngre. Far min tukta dykk med sveper, eg skal tukta dykk med piggreimar.»

12. Tredje dagen kom Jeroboam og heile folket til Rehabeam, slik som kongen hadde bede dei om då han sa: «Kom hit att til meg om tre dagar!»

13. Kongen gav dei no eit hardt svar. Han brydde seg ikkje om rådet dei gamle hadde gjeve han,

14. og svara slik dei unge hadde rådd han til: «Far min la eit tungt åk på dykk, eg skal gjera det endå tyngre. Far min tukta dykk med sveper, eg skal tukta dykk med piggreimar.»

15. Kongen høyrde ikkje på folket, for Herren hadde styrt det så for å oppfylla ordet han hadde tala til Jeroboam, son til Nebat, gjennom Ahia frå Sjilo.

16. Då no heile Israel såg at kongen ikkje ville høyra på dei, gav dei han dette svaret:«Kva for del har vi i David?Vi har ingen lut i Isai-sonen.Heim til telta dine, Israel!Syt no, David, for ditt eige hus!»Så fór israelittane heim att.

17. Rehabeam vart ikkje konge over andre israelittar enn dei som budde i byane i Juda.

18. Kong Rehabeam sende Adoniram til dei, han som hadde tilsyn med pliktarbeidet. Men israelittane steina han i hel. Rehabeam klarte å redda seg opp i vogna si og rømma til Jerusalem.

19. Slik gjorde Israel opprør mot Davids hus, og slik har det vore til denne dag.

Jeroboam blir konge over dei ti stammane

20. Då israelittane fekk høyra at Jeroboam var komen tilbake, sende dei bod etter han og henta han til folkeforsamlinga. Der gjorde dei han til konge over heile Israel. Berre Juda-stammen heldt seg til Davids hus.

21. Så snart Rehabeam var komen til Jerusalem, samla han heile Judas hus og Benjamin-stammen, hundre og åtti tusen utvalde krigarar. Dei skulle strida mot Israels hus og vinna kongsmakta tilbake for Rehabeam, son til Salomo.

22. Då kom Guds ord til gudsmannen Sjemaja:

23. «Sei til Juda-kongen Rehabeam, son til Salomo, til heile Judas og Benjamins hus og til resten av folket:

24. Så seier Herren: De skal ikkje fara opp og strida mot israelittane, brørne dykkar. Far heim att, kvar til sitt hus! For det som har hendt, er kome frå meg.» Då lydde dei Herrens ord; dei snudde og fór heim att, som Herren hadde sagt.

Heilagdomane i Betel og Dan

25. Jeroboam bygde ut Sikem i Efraim-fjella og busette seg der. Sidan flytte han derifrå og bygde ut Penuel.

26. Jeroboam sa til seg sjølv: «Riket kan snart gå attende til Davids hus.

27. Skal dette folket fara opp til Jerusalem og bera fram offer i Herrens hus, kan dei igjen koma til å venda hjartet sitt til Juda-kongen, Rehabeam, som var herren deira. Så drep dei meg og gjev seg inn under Rehabeam att.»

28. Kongen heldt råd, og så laga han to gullkalvar og sa til folket: «No har de lenge nok fare opp til Jerusalem. Sjå, her er gudane dine, Israel, dei som førte deg opp frå Egypt.»

29. Den eine gullkalven sette han opp i Betel, den andre i Dan.

30. Dette førte til synd. Folk gjekk heilt til Dan og steig fram for gullkalven der.

31. Jeroboam bygde òg gudshus på offerhaugane og sette kven han ville av folket til prestar, endå dei ikkje var av Levi-ætta.

Domsord mot altaret i Betel

32. Den femtande dagen i den åttande månaden heldt Jeroboam ein fest slik som den store festen som blir feira i Juda, og han bar fram offer på altaret. Dette gjorde han i Betel: Han ofra til kalvane han hadde laga, og sette prestar frå offerhaugane som han hadde bygd opp, til å gjera teneste i Betel.

33. Offeret bar han fram på altaret han hadde bygd i Betel. Det var den femtande dagen i den åttande månaden, ein dag han hadde valt etter eige hovud. Då lét han israelittane halda høgtid, og sjølv steig han opp til altaret for å tenna offerelden.