Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Titus 3:1-10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Minn dei om at dei skal underordna seg styremaktene, retta seg etter dei og vera viljuge til å gjera alt som er godt.

2. Dei må ikkje tala stygt om andre eller skapa strid, men vera milde og tolsame mot alle menneske.

3. For vi var òg ein gong uvituge og ulydige, vi fór vilt og var trælar under mange slag lyster og ynske. Vi levde i vondskap og misunning, vart hata og bar hat til kvarandre.

4. Men vår Gud og frelsar lét sin godleik og kjærleik til alle menneske verta openberra.

5. Og han frelste oss, ikkje fordi vi hadde gjort rettferdige gjerningar, men fordi han er miskunnsam. Han frelste oss ved det badet som atterføder og fornyar ved Den Heilage Ande,

6. som han i rikt mål har rent ut over oss ved Jesus Kristus, vår frelsar.

7. Så skulle vi ved hans nåde stå rettferdige for Gud og verta arvingar til det evige livet, som er vår von.

8. Dette er eit truverdig ord, og eg vil at du skal prenta inn det eg har sagt, så dei som er komne til tru på Gud, skal leggja vinn på å gjera gode gjerningar. Alt dette er godt og gagnleg for menneska.

9. Men tåpelege stridsspørsmål, ættetavler og strid og krangel om spørsmål i lova skal du halda deg ifrå; slikt er gagnlaust og meiningslaust.

10. Ein som fer med vrang lære, skal du tala til rettes, ein gong og to gonger, og så visa han frå deg.

Les hele kapitlet Titus 3