Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Titus 2:5-15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

5. leva sømeleg og reint, vera gode husmødrer og underordna seg mennene sine, så Guds ord ikkje skal verta spotta.

6. Dei unge mennene skal du formana til å vera støe i all si ferd.

7. Ver sjølv eit føredøme for dei i gode gjerningar! Lat læra vera uforfalska, og ber henne fram med alvor!

8. Då vert forkynninga di sunn og ulastande, og kvar motstandar må skjemmast fordi han ikkje har noko vondt å seia om oss.

9. Trælane skal vera lydige mot herrane sine i alt, og retta seg etter dei utan å seia imot.

10. Dei må ikkje stikka noko til sides, men alltid vera ærlege og true, så dei i eitt og alt kan vera til prydnad for Guds, vår frelsars lære.

11. For Guds nåde er openberra til frelse for alle menneske.

12. Og hans nåde oppsedar oss til å seia nei til gudløyse og verdslege lyster og leva i sjølvtukt, rettferd og gudsfrykt i den verda som no er,

13. medan vi ventar på at vona vår skal få si sæle oppfylling, og at vår store Gud og frelsar Kristus Jesus skal koma til synes i herlegdom.

14. For Kristus gav seg sjølv for oss. Han ville fria oss ut frå all urettferd og reinsa oss, så vi kan vera hans eige folk, som med ihuge gjer gode gjerningar.

15. Dette skal du forkynna, og med kraft skal du påminna og visa til rettes. Lat ingen sjå ned på deg!

Les hele kapitlet Titus 2