Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Judas 1:18-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

18. Dei sa til dykk: «I dei siste tider skal det koma folk som spottar og lever etter sine eigne ugudelege lyster.»

19. Dette er dei som skaper kløyving mellom dykk; dei har sjel, men Anden vantar dei.

20. Men de, mine kjære, oppbygg dykk på dykkar høgheilage tru og bed alltid i Den Heilage Ande.

21. Hald dykk i Guds kjærleik, medan de ventar på vår Herre Jesu Kristi miskunn, som gjev dykk evig liv.

22. Dei som tvilar, skal de ha medkjensle med,

23. andre skal de riva ut or elden og berga. Atter andre skal de ta dykk av, men ver varsame så de jamvel skyr kappa som dei har flekka til i si sanselege lyst.

24. Han som har makt til å verna dykk, så de ikkje fell, og føra dykk feilfrie og jublande fram for sin herlegdom,

25. han, den einaste Gud, vår frelsar ved Jesus Kristus, vår Herre: Han tilhøyrer ære og majestet, velde og makt før all tid, no og i all æve! Amen.

Les hele kapitlet Judas 1