Kapitler

  1. 1

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

3. Johannes 1 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Helsing

1. Den eldste helsar den kjære Gaius, som eg elskar hjarteleg.

2. Kjære ven, mest av alt ynskjer eg at du må få vera frisk og ha det godt, like godt som du har det åndeleg.

Hjelp til misjonærane

3. Eg vart inderleg glad då nokre av brørne kom og fortalde kor trufast du er mot sanninga; den lever du i.

4. Ikkje noko gleder meg meir enn å høyra at borna mine lever i sanninga.

5. Kjære ven, du er trufast i all di gjerning for brørne, ja, jamvel for dei som er framande.

6. I kyrkjelyden her har dei vitna om din kjærleik. Du gjer vel om du hjelper dei vidare på ferda, som rett er for Gud.

7. Det var for å forkynna Namnet dei drog ut, og dei tek ikkje imot hjelp frå heidningane.

8. Difor bør vi ta oss av dei, så vi kan vera medarbeidarar for sanninga.

Diotrefes og Demetrius

9. Eg har skrive nokre ord til kyrkjelyden. Men Diotrefes, som gjerne vil vera den fremste der, vil ikkje ha noko med oss å gjera.

10. Når eg kjem, skal eg minna han om det han har gjort. For han fer med stygg baktale om oss. Men han nøyer seg ikkje med det. Sjølv nektar han å ta imot brørne, og når andre vil gjera det, hindrar han dei og støyter dei ut or kyrkjelyden.

11. Kjære ven, ta ikkje det vonde til føredøme, men det gode! Den som gjer det gode, er av Gud. Den som gjer det vonde, har ikkje sett Gud.

12. Om Demetrius har alle berre godt å seia, ja, sanninga sjølv vitnar for han. Det same gjer vi, og du veit at vårt vitnemål er sant.

Sluttord

13. Eg har enno mykje å seia deg, men vil ikkje gjera det i brev.

14. For eg vonar å sjå deg snart, så vi kan tala saman.

15. Fred vere med deg! Venene her helsar deg. Du må sjølv helsa venene, kvar einskild av dei.