Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Tessalonikar 1:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Paulus, Silvanus og Timoteus helsar kyrkjelyden i Tessalonika, som har sitt liv i Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus.

2. Nåde og fred vere med dykk frå Gud Fader og Herren Jesus Kristus!

3. Vi må alltid takka Gud for dykk, brør, som rett er. For trua dykkar veks stadig, og kjærleiken de har til kvarandre, vert større hjå kvar og ein av dykk.

4. Difor kan vi rosa oss av dykk i Guds kyrkjelydar for det tolmod og den tru de viser i alle dei forfylgingar og trengsler de lyt tola.

5. Dette er eit varsel om Guds rettferdige dom. Når den kjem, skal de finnast verdige til å få Guds rike som de no lid for.

6. For dette er rettferdig i Guds augo: Dei som fører trengsler over dykk, skal han gje trengsler att;

7. og dykk som lid trengsler, skal han gje lindring saman med oss. Så skal det gå når Herren Jesus openberrar seg frå himmelen saman med englane sine i makt og velde.

8. Han kjem med logande eld, og straffar dei som ikkje kjenner Gud, og som ikkje er lydige mot vår Herre Jesu evangelium.

9. Straffa deira skal vera ei evig fortaping borte frå Herrens åsyn og frå hans herlegdom og makt,

10. den dagen han kjem og skal lovprisast mellom sine heilage og møtast med tilbedande undring av alle som trur. Og de har trutt det vitnemålet vi bar fram.

11. Difor bed vi alltid for dykk at vår Gud må gjera dykk verdige til det kallet de har fått, fylla dykk med all vilje til det gode og med kraft fullføra hjå dykk dei gjerningar som kjem av tru.

12. Då skal vår Herre Jesu namn verta æra hjå dykk, og de får del i hans ære, ved vår Guds og Herren Jesu Kristi nåde.

Les hele kapitlet 2. Tessalonikar 1