Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Timoteus 6:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Alle som er trælar under åket, skal visa herrane sine den vørdnad dei har krav på, så Guds namn og læra ikkje skal verta spotta.

2. Og de trælar som har truande herrar, skal ikkje visa dei mindre vørdnad fordi dei er brør. Nei, de skal tena dei med endå større ihuge, for dei er truande og kjære brør som legg vinn på å gjera vel. Dette skal du læra og påminna om.

3. Om nokon fer med ei anna lære og ikkje held seg til vår Herre Jesu Kristi sunne ord og den læra som høyrer sann gudsfrykt til,

4. då er han hovmodig og skjønar ingen ting. Han er sjuk etter ordskifte og strid, og det skaper misunning, ufred, skuldingar, vonde mistankar

5. og stadig krangel mellom menneske som har mist dømekrafta og er komne bort frå sanninga; dei meiner at gudsfrykt er ein veg til vinning.

6. Ja, gudsfrykt med nøysemd er ei stor vinning.

7. For vi har ikkje hatt noko med oss til verda, og vi kan heller ikkje ta noko med oss herifrå.

8. Har vi mat og klede, skal vi vera nøgde med det.

9. Dei som vil verta rike, fell i freistingar og snarer og vert gripne av mange slag tåpelege og skadelege lyster som støyter menneske ned i undergang og fortaping.

10. For kjærleik til pengar er ei rot til alt vondt. Drivne av pengehug har mange fare vilt og er komne bort frå trua; dei har valda seg sjølve mykje liding.

11. Men du, Guds mann, hald deg frå alt dette og jag etter rettferd, gudsfrykt, tru, kjærleik, tolmod og spaklynde!

12. Strid den gode striden i trua, og grip det evige livet som du er kalla til, og som du vedkjende deg då du bar fram den gode vedkjenninga framfor mange vitne.

Les hele kapitlet 1. Timoteus 6