Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Tessalonikar 5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Men om tider og timar treng vi ikkje skriva til dykk, brør.

2. For de veit godt at Herrens dag kjem som ein tjuv om natta.

3. Når dei seier: «Fred og ingen fare», då kjem undergangen over dei, brått som riene over ei kvinne som skal føda. Og dei skal ikkje sleppa unna.

4. Men de, brør, er ikkje i mørkret, så dagen skulle koma uventa på dykk som ein tjuv.

5. For de er alle born av ljoset og born av dagen; vi høyrer ikkje natta eller mørkret til.

6. Så lat oss ikkje sova som dei andre, men vaka og vera edrue!

7. For dei som søv, dei søv om natta, og dei som drikk seg drukne, gjer det om natta.

8. Men vi som høyrer dagen til, lat oss vera vakne, kledde med tru og kjærleik som brynje og med vona om frelse som hjelm.

9. For Gud har ikkje etla oss til vreide, men til å vinna frelse ved vår Herre Jesus Kristus.

10. Han døydde for oss, så vi, anten vi vaker eller søv, skal leva saman med han.

11. Difor må de setja mot i kvarandre og oppbyggja kvarandre, som de òg gjer.

Livet i kyrkjelyden

12. Vi bed dykk, brør, at de må skjøna på dei som arbeider mellom dykk, dei som er dykkar forstandarar i Herren og rettleier dykk.

13. De skal elska dei og setja dei overlag høgt på grunn av den gjerning dei har. Hald fred med kvarandre!

14. Vi legg dykk på hjarta, brør: Tal til rettes dei som lever eit vørdlaust liv, set mot i dei motlause, ta dykk av dei veike, ver langmodige mot alle!

15. Sjå til at ingen løner vondt med vondt, men legg vinn på å gjera godt mot kvarandre, ja, mot alle!

16. Ver alltid glade!

17. Bed uavlatande!

18. Takka Gud, kva som enn møter dykk! For det er Guds vilje med dykk i Kristus Jesus.

19. Sløkk ikkje ut Anden!

20. Vanvørd ikkje profetord,

21. men prøv alt, og hald fast på det gode!

22. Hald dykk frå vondskap av alle slag!

23. Må han sjølv, fredens Gud, helga dykk heilt igjennom. Og gjev at dykkar ånd og sjel og lekam må haldast uskadde, så de kan vera ulastande når vår Herre Jesus Kristus kjem!

24. Han som kallar dykk, er trufast; han skal gjera det.

Sluttord

25. Brør, bed for oss!

26. Helsa alle brørne med ein heilag kyss!

27. Eg byd dykk ved Herren at dette brevet vert opplese for alle brørne.

28. Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk!