Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Tessalonikar 4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Framgang i heilagt liv og kjærleik

1. Elles, brør, bed og påminner vi dykk i Herren Jesus: De har teke imot og lært av oss korleis de skal leva og vera til hugnad for Gud, og såleis lever de alt. Men de må gjera endå større framsteg i dette!

2. De veit då kva bod vi gav dykk frå Herren Jesus.

3. For dette er Guds vilje – dykkar helging: De skal halda dykk frå hor;

4. kvar og ein skal vita å vinna seg si eiga kone i heilagdom og ære,

5. ikkje i sanseleg lyst som heidningane, som ikkje kjenner Gud.

6. Og ingen må gjera bror sin urett eller lura han på nokon måte. Herren straffar alt slikt, som vi før har sagt og lagt dykk på hjarta.

7. For Gud kalla oss ikkje til ureinskap, men til eit heilagt liv.

8. Den som då avviser dette, han avviser ikkje eit menneske, men Gud, som gjev dykk sin Heilage Ande.

9. Om kjærleiken til brørne treng vi ikkje skriva til dykk, for de har sjølve lært av Gud å elska kvarandre.

10. Og de syner denne kjærleiken mot alle brørne i heile Makedonia. Men vi legg dykk på hjarta, brør, at de må gjera endå større framsteg i det.

11. De skal setja dykkar ære i å leva eit roleg liv, passa pliktene dykkar og arbeida med hendene, som vi har sagt dykk.

12. Då kan de ferdast sømeleg mellom dei som er utanfor, og de treng ikkje hjelp av nokon.

Når Herren kjem

13. Vi vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande om dei som er avsovna; for de skal ikkje syrgja som dei andre, dei som er utan von.

14. For så sant vi trur at Jesus døydde og stod opp, så skal òg Gud ved Jesus føra dei avsovna saman med han.

15. Dette seier vi dykk med eit ord frå Herren: Vi som no lever og vert att til dess Herren kjem, skal ikkje koma i førevegen for dei som er avsovna.

16. For når det bydande ropet lyder, når erkeengelen lyfter si røyst og Guds basun ljomar, då skal Herren sjølv stiga ned frå himmelen. Og dei som døydde i trua på Kristus, skal fyrst stå opp.

17. Så skal vi som har vorte att og enno lever, saman med dei rykkjast opp i skyene, i lufta, og møta Herren. Og så skal vi alltid vera saman med Herren.

18. Trøysta kvarandre med desse orda!