Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Tessalonikar 2:4-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Nei, Gud har funne oss verdige til å få evangeliet overlate; difor talar vi som vi gjer, ikkje for å tekkjast menneske, men Gud, han som prøver hjarto våre.

5. For vi kom ikkje med smigrande ord, som de veit, og heller ikkje med baktankar om vinning; Gud er vårt vitne.

6. Vi søkte ikkje ære av menneske, korkje av dykk eller av andre,

7. endå vi som Kristi apostlar kunne gått fram med makt og mynde. I staden var vi milde mot dykk, som når ei mor steller om borna sine.

8. Vi hadde vorte inderleg glade i dykk og ville gjerne gje dykk, ikkje berre Guds evangelium, men òg vårt eige liv. Så kjære var de for oss.

9. De minnest, brør, kva strev og møde vi hadde. Vi forkynte Guds evangelium for dykk, og samstundes arbeidde vi natt og dag så vi ikkje skulle vera nokon av dykk til tyngsle.

Les hele kapitlet 1. Tessalonikar 2