Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Tessalonikar 1 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Helsing

1. Paulus, Silvanus og Timoteus helsar kyrkjelyden i Tessalonika, som har sitt liv i Gud Fader og Herren Jesus Kristus. Nåde og fred vere med dykk!

Kyrkjelyden gjer Paulus glad

2. Vi takkar alltid Gud for dykk alle når vi nemner dykk i bønene våre.

3. For vår Gud og Fars åsyn kjem vi dykk i hug og tenkjer stadig på korleis trua dykkar syner seg i gjerning, kjærleiken i arbeid, og vona til vår Herre Jesus Kristus i tolmod.

4. Vi veit då, brør, som er elska av Gud, at de er utvalde.

5. For då vi forkynte evangeliet hjå dykk, var det ikkje berre med ord, men òg med kraft, ved Den Heilage Ande og med full overtyding. De veit korleis vi ferdast mellom dykk; vi tenkte berre på dykk.

6. Og de tok oss, ja, Herren sjølv, til føredøme, og i stor trengsle tok de imot Ordet med den glede som Den Heilage Ande gjev.

7. Såleis vart de eit førebilete for alle dei truande i Makedonia og Akaia.

8. For frå dykk har Herrens ord lydt. Ikkje berre i Makedonia og Akaia, men alle stader har folk høyrt om dykkar tru på Gud, så det treng vi ikkje tala om.

9. Dei fortel sjølve korleis vi vart mottekne hjå dykk. De vende om til Gud frå avgudane og tok til å tena den levande og sanne Gud,

10. og venta på Son hans frå himmelen, han som Gud reiste opp frå dei døde, Jesus, som bergar oss frå den vreidedomen som kjem.