Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Peter 5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Kyrkjelyden og hyrdingane

1. Dei eldste mellom dykk legg eg på hjarta, eg som sjølv er ein eldste og eit vitne om Kristi lidingar og har del i den herlegdomen som skal openberrast:

2. Ver hyrdingar for den Guds hjord som er hjå dykk! Ha tilsyn med henne, ikkje av tvang, men av fri vilje, så som Gud vil, ikkje for vinning skuld, men med ein viljug hug.

3. Gjer dykk ikkje til herrar over den kyrkjelyden som de har fått ansvar for, men ver eit føredøme for hjorda.

4. Og når overhyrdingen openberrar seg, skal de få den uvisnelege ærekransen.

5. De unge skal underordna dykk dei eldste. Og alle skal de vera kledde i audmykt mot kvarandre. For Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.

6. Audmyk dykk då under Guds mektige hand, så han kan opphøgja dykk i si tid.

7. Kast all dykkar sut på han, for han har omsut for dykk.

8. Ver edrue og vak! Dykkar motstandar djevelen går omkring som ei brølande løve for å finna nokon å gløypa.

9. Stå han imot, faste i trua! For de veit at brørne dykkar rundt om i verda lyt gå gjennom dei same lidingar.

10. Enno må de lida ei lita stund, men all nådes Gud, som ved Kristus har kalla dykk til sin evige herlegdom, han skal gjera dykk fullt dugande, faste, sterke og grunnfeste.

11. Han høyrer makta til i all æve. Amen.

Sluttord

12. Med hjelp frå Silvanus, ein bror eg har tillit til, har eg skrive dette vesle brevet for å rettleia dykk og vitna om Guds sanne nåde. Stå fast i den!

13. Kyrkjelyden i dette Babylon, den som er utvald saman med dykk, sender si helsing. Det same gjer Markus, son min.

14. Helsa kvarandre med venekyss!Fred vere med alle dykk som høyrer Kristus til!