Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Peter 4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Når Kristus no har lide i sitt jordeliv, skal de væpna dykk med denne tanken: Den som har lide her i livet, er ferdig med synda.

2. Difor skal han ikkje lenger leva etter menneskelege lyster, men etter Guds vilje den stund han har att på jorda.

3. Det er nok at de i farne tider har levt på heidensk vis, i sedløyse og sanselege lyster, i drikk og svir, og i stygg avgudsdyrking.

4. No undrar dei seg når de ikkje lenger kastar dykk ut i denne straumen av skamløyse saman med dei, og spottar dykk.

5. Men dei skal få gjera rekneskap for han som står ferdig til å døma levande og døde.

6. For evangeliet vart forkynt for døde òg, så dei ved Anden skulle leva, liksom Gud lever, jamvel om dei her i verda var komne under den domen som kjem over alle menneske.

7. Enden på alle ting er nær. Ver difor vislege og årvakne, så de kan be.

8. Og ha framfor alt inderleg kjærleik til kvarandre, for kjærleiken løyner ei mengd med synder.

9. Ver gjestmilde mot kvarandre utan å klaga.

10. Ten kvarandre, kvar med den nådegåve han har fått, og ver gode hushaldarar over Guds mangfaldige nåde.

11. Den som talar, må sjå til at han talar som Guds ord. Og den som tener, må tena med den styrke Gud gjev. Slik skal Gud i eitt og alt få ære, ved Jesus Kristus. Han skal ha herlegdomen og makta i all æve! Amen.

Når ein kristen må lida

12. Mine kjære! Undra dykk ikkje over den eldprøva de må igjennom, som om det hende dykk noko uhøyrt.

13. Men i same mon som de får del i Kristi lidingar, skal de gleda dykk, så de kan gleda og fagna dykk også når han openberrar seg i sin herlegdom.

14. Sæle er de når dei spottar dykk for Kristi namn skuld; for Guds Ande, herlegdomens Ande, kviler over dykk.

15. Sjå berre til at ingen av dykk må lida straff fordi han er ein mordar, tjuv eller ugjerningsmann, eller fordi han har gjort urett mot andre.

16. Men lid han fordi han er ein kristen, skal han ikkje skjemmast, men prisa Gud for dette namnet.

17. For no er tida komen då domen skal ta til, og han skal ta til med Guds eige folk. Men kjem domen over oss fyrst, kva ende skal så dei få som er ulydige mot Guds evangelium?

18. Og er det vanskeleg for den rettferdige å verta frelst, korleis skal det då gå den ugudelege og syndaren?

19. Difor skal dei som lid, når det er Guds vilje, overgje si sjel til den trufaste Skaparen og så gjera det gode.