Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Peter 1:21-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

21. Ved han er de komne til tru på Gud, som reiste Kristus opp frå dei døde og gav han herlegdom. Difor er trua dykkar òg von til Gud.

22. I lydnad mot sanninga har de reinsa dykk, så de kan leva i ekte kjærleik til brørne. Difor må de elska kvarandre inderleg av hjarta!

23. For de er fødde på nytt, ikkje av forgjengeleg, men uforgjengeleg sæd, ved Guds ord som lever og varer.

24. Foralt levande er som grasog all deira herlegdom ¬som blomen på graset.Graset visnar, ¬og blomen fell av.

25. Men Herrens ord varer ¬til evig tid. Dette er det ordet som er forkynt dykk i evangeliet.

Les hele kapitlet 1. Peter 1