Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Rut 4:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Imedan hadde Boas gått opp til byporten og sett seg der. Då høvde det så at den løysingsmannen som Boas hadde tala om, gjekk framom, og Boas sa: «Kom hit og set deg!» Då kom han og sette seg.

2. No kalla Boas til seg ti menn av dei eldste i byen og sa: «Set dykk her!» Og dei sette seg.

3. Så sa han til løysingsmannen: «No’omi, som er komen heim att frå Moab, vil selja det jordstykket som Elimelek, slektningen vår, åtte.

4. Eg tenkte at eg ville varsla deg om dette og seia: Kjøp det du medan dei er til stades, dei som sit her, medan dei eldste i folket mitt er til stades! Vil du løysa det, så gjer det! Vil du ikkje løysa det, så sei frå, så eg får vita det! For ingen annan har løysingsretten enn du, og nest etter deg er det eg sjølv.» Han svara: «Eg vil løysa det.»

5. Då sa Boas: «Men når du kjøper jordstykket av No’omi, må du òg ta moabittkvinna Rut, enkja, så den avlidne kan få ein arving til arvelut.»

6. Løysingsmannen svara: «Så kan eg ikkje nytta løysingsretten min, for då kom eg til å gjera arven åt mine eigne born mindre. Løys du det eg skulle ha løyst, for eg kan ikkje.»

7. Det var gamal sed i Israel at ein mann, når han skulle stadfesta ei innløysing eller ein bytehandel, drog av seg sandalen og gav han til den andre parten. Såleis vart ei sak vitnefast i Israel.

8. Difor sa løysingsmannen til Boas: «Kjøp det du!» Og så drog han av seg sandalen.

9. Då sa Boas til dei eldste og til alt folket: «De er i dag vitne på at eg kjøper av No’omi alt det som Elimelek har ått, og alt det som Kiljon og Maklon har ått.

10. Og eg tek moabittkvinna Rut, enkja etter Maklon, til kone, så den avlidne kan få ein arving til arvelut, så namnet hans ikkje skal verta utsletta or ætta og gløymt i porten på heimstaden hans. Det er de vitne på i dag.»

11. Alt folket som var i byporten, og dei eldste svara: «Ja, det er vi vitne på. Gjev Herren må la den kvinna som no kjem i huset ditt, verta som Rakel og Lea, dei to som bygde Israels hus! Gjev du må koma til velmakt i Efrata og vinna deg eit namn i Betlehem!

Les hele kapitlet Rut 4