Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Rut 3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Rut og Boas på treskjevollen

1. No’omi, vermor hennar Rut, sa til henne: «Eg vil sjå til å finna deg ein heim, dotter mi, så du kan få det godt.

2. Høyr no, du kjenner Boas, husbonden åt dei jentene du var saman med, og veit at han er i slekt med oss. I natt kastar han bygg på treskjevollen.

3. Du skal vaska deg og salva deg, og så skal du kle deg og gå ned til treskjevollen; men lat ikkje mannen få sjå deg før han er ferdig med å eta og drikka.

4. Når han legg seg til å sova, skal du merka deg staden der han legg seg. Gå så bort og lyft på teppet og legg deg nedmed føtene hans; så vil han sjølv seia deg kva du skal gjera!»

5. Rut svara: «Eg skal gjera alt det du seier.»

6. Så gjekk ho ned til treskjevollen og gjorde i alle måtar så som vermora hadde sagt.

7. Då Boas hadde ete og drukke og var komen i godlag, gjekk han og la seg attmed kornhaugen. Då kom ho stilt, lyfte på teppet og la seg nedmed føtene hans.

8. Midnattstider kvakk mannen til. Han bøygde seg framover, og så fekk han sjå at det låg ei kvinne nedmed føtene hans.

9. «Kven er du?» spurde han. «Eg er Rut, tenestkvinna di,» svara ho. «Brei kappa di over meg, for du er løysingsmann.»

10. Då sa han: «Herren velsigne deg, dotter mi! Du har vist endå større truskap no enn før, sidan du ikkje har gått etter dei unge mennene, korkje dei fattige eller dei rike.

11. Så ver ikkje redd, dotter mi! Alt det du seier, vil eg gjera for deg; for alt folket her på staden veit at du er ei bra kvinne.

12. Det er sant at eg er løysingsmann; men det finst ein annan løysingsmann som er nærare enn eg.

13. Ver her i natt! Og vil han løysa deg i morgon, så lat han det! Men har han ikkje hug til å løysa deg, skal eg gjera det, så sant Herren lever! Ligg berre her til morgons!»

14. Så vart ho liggjande nedmed føtene hans til morgons, men stod opp før det vart så ljost at folk kunne kjenna kvarandre. Han tenkte: «Det må ikkje spørjast at kvinna kom hit til treskjevollen.»

15. Sidan sa han: «Kom hit med den kappa du har på deg, og hald henne fram!» Så heldt ho kappa fram, og han mælte opp seks mål bygg og la det på henne. Dermed gjekk han inn i byen.

16. Då Rut kom heim til vermor si, spurde ho: «Korleis gjekk det med deg, dotter mi?» Så fortalde ho alt det mannen hadde gjort mot henne,

17. og la til: «Han gav meg desse seks måla med bygg og sa: Du skal ikkje koma tomhendt heim til vermor di!»

18. Då sa No’omi: «Hald deg no i ro, dotter mi, til du får sjå korleis det går med dette! For den mannen gjev seg ikkje før han får saka ordna, og det i denne dag.»