Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Malaki 4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Sjå, dagen kjem, ¬han brenn som ein omn.Alle frekke og gudlauseskal då vera som halm,og dagen som kjem, ¬skal brenna dei opp,seier Herren, Allhærs Gud,så korkje rot eller grein vert att.

2. Men for dykk ¬som har age for mitt namn,skal rettferdssola rennamed lækjedom ¬under sine venger.De skal gå ut og kjæta dykk ¬som kalvarnår dei slepp or fjøset.

3. Då skal de trakka ned ¬dei gudlause,dei skal vera som støv ¬under sólane dykkarden dagen eg gjer mitt verk,seier Herren, Allhærs Gud.

Formaning og lovnad

4. Kom i hug lova åt Moses, ¬tenaren min,den eg gav han på Horeb ¬for heile Israel,både føresegner ¬og domsreglar.

5. Sjå, eg sender profeten Elia ¬til dykkfør Herrens dag kjem, ¬den store og skræmande.

6. Han skal venda fedrehjarto ¬til bornaog barnehjarto til fedrane,så eg ikkje skal koma ¬og bannstøyta landet.