Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Malaki 1:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Domsord. Dette er Herrens ord til Israel ved Malaki.

2. «Eg har dykk kjær,» ¬seier Herren.Men de spør:«Korleis har du syntat du har oss kjær?»«Var ikkje Esau ¬bror til Jakob?»lyder ordet frå Herren.«Likevel hadde eg Jakob kjær,

3. men Esau hadde eg uvilje mot.Eg gjorde fjella hans til ei audn,arvelandet hans til ei villmark ¬for sjakalar.»

4. Når edomittane seier:«Vi er knuste,men vil byggja opp att ¬det som seig i røys,»då seier Herren, Allhærs Gud:«Lat dei byggja, ¬men eg riv ned.Dei skal kallast ¬det gudlause landetog folket som Herren ¬for alltid er harm på.»

5. De skal sjå det med eigne augo ¬og seia:«Herrens velde ¬når ut over Israels grenser.»

6. Ein son ærar far sin,og ein træl har age ¬for herren sin.Men er eg far, ¬kvar er då mi ære,og er eg herre, ¬kvar er då agen for meg?seier Herren, Allhærs Gud, ¬til dykk,de prestar ¬som vanvørder mitt namn.De spør: «Korleis vanvørder vi ¬ditt namn?»

7. Jau, de ber fram urein mat ¬på mitt altar.De spør: «Korleis har vi krenkt ¬din reinleik?»Jau, de seier: «Herrens bord ¬er lite å vørda.»

8. Når de vil ofra eit blindt dyr,er ikkje det gale?Når de kjem med eit dyr ¬som er halt eller sjukt,er ikkje det gale?Kom med slikt ¬til statthaldaren din!Trur du han vil synast om degeller ta vel imot deg?seier Herren, Allhærs Gud.

9. Men no, ¬prøv å vinna Guds velvilje,så han kan vera nådig mot oss.Når de har gjort slikt,kan han då syna godhug ¬for dykk?seier Herren, Allhærs Gud.

10. Om det berre fanst nokon ¬mellom dykksom ville stengja ¬tempeldørene,så de ikkje til fåfengs ¬kveikjer eld på mitt altar.Eg har ingen hugnad i dykk,seier Herren, Allhærs Gud,og vil ikkje ha dei offergåvenesom de ber fram.

11. Frå lengst i aust til lengst i vester mitt namn stort ¬mellom folkeslaga.Alle stader ¬brenner dei reine offersom dei ber fram for meg;for mitt namn er stort ¬mellom folkeslaga,seier Herren, Allhærs Gud.

12. Men de vanhelgar mitt namnnår de seier ¬at Herrens bord er ureint,og at maten på det ¬er ring frukt.

Les hele kapitlet Malaki 1