Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Job 42:11-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

11. Og alle brørne hans kom til han, og like eins systrene og kjenningane hans. Dei sat til bords med han i huset hans, viste han medkjensle og trøysta han etter at Herren hadde sendt så mykje vondt over han. Kvar av dei gav han eit pengestykke og ein gullring.

12. Sidan velsigna Herren Job endå meir enn før. Han fekk fjorten tusen sauer, seks tusen kamelar, tusen par oksar og tusen eselhopper.

13. Og han fekk sju søner og tre døtrer.

14. Den eine dottera kalla han Jemima, den andre Kesia og den tredje Keren-Happuk.

15. I heile landet fanst det ikkje så fagre kvinner som døtrene til Job. Faren lét dei arva til liks med brørne.

16. Sidan levde Job i 140 år. Han fekk sjå born og barneborn i fire ættleder.

17. Så døydde Job, gamal og mett av dagar.

Les hele kapitlet Job 42