Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hosea 8:3-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Men Israel har vraka ¬det som godt er,fienden skal forfylgja dei.

4. Dei tok seg kongar, ¬men spurde ikkje meg,valde seg hovdingar ¬utan at eg visste om det.Dei laga seg gudebilete ¬av sølvet og gullet sitt.Difor skal dei rydjast ut.

5. Kast frå deg kalven din, ¬Samaria!Vreiden min logar mot dei.Kor lenge skal det varafør dei kan verta reine i Israel?

6. Ein kunstnar har laga ¬Samaria-kalven,og han er ingen gud;han skal verta slegen i knas.

7. Vind sår dei, ¬og storm skal dei hausta.Kornet skyt ikkje aksog gjev ikkje mjøl;og gjev det mjøl, ¬et andre det opp.

8. No er Israel slukt.Mellom folka ¬er dei lik eit kjeraldsom ingen bryr seg om.

9. Dei fór bort til Assyrialik eit villesel ¬som flakkar ikring.Efraim kjøper seg kjærleik.

10. Endå dei kjøpslår med folka,vil eg no driva dei saman.Dei skal vri seg ei lita stundunder børa av skatt ¬til storkongen.

11. Efraim har laga seg mange altarsom har fått dei til å synda.

12. Ei mengd med lover ¬har eg skrive for dei,men dei reknar dei ikkje ¬for sine.

13. Dei elskar å bera fram ¬slaktoffer,og dei et av kjøtet,men Herren har ikkje hugnad ¬i dei.No vil han koma ¬deira misgjerning i hugog krevja dei til rekneskap ¬for deira synder.Dei skal attende til Egypt.

14. Israel gløymde skaparen sinog bygde seg slott;Juda bygde ¬mange festningsbyar.Men eg vil senda eld ¬mot deira byar,han skal øyda deira borger.

Les hele kapitlet Hosea 8