Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hosea 7:6-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Hjarta deira brenn ¬som ein omnder dei ligg på lur.Heile natta kviler deira vreide,om morgonen brenn han ¬som logande eld.

7. Alle saman er heite ¬som ein omn,dei gjer ende på sine domarar.Alle kongane deira er falne,ingen av dei kallar på meg.

8. Efraim blandar seg med folka,han er lik ei kake ¬som ikkje er vend.

9. Framande har øydt hans kraft,men han veit det ikkje.Håret hans er gråsprengt,men han veit det ikkje.

10. Byrgskapen åt israelittanevitnar mot dei sjølve,men dei vender ikkje om ¬til Herren sin Gud,og trass i alt som har hendt,søkjer dei han ikkje.

11. Efraim har vorte som ei due,godtruen, utan vit.Dei kallar på Egypt,dei dreg til Assyria.

12. Så snart dei fer av stad,breier eg nettet mitt ut ¬over dei.Eg dreg dei ned ¬som fuglane i lufta;eg vil tukta dei, ¬som folket alt har høyrt.

13. Ve dei, at dei rømde frå meg!Død over dei, ¬fordi dei braut med meg!Eg ville løysa dei ut,men dei tala lygn mot meg.

14. Dei ropar ikkje til meg ¬av hjarta,men ligg og jamrar på lega si.Dei rispar seg opp ¬for å få korn og vin,men dei vender seg bort ¬frå meg.

15. Det var eg som lærte dei oppog gav deira armar styrke,men dei tenkte ut vondt ¬mot meg.

16. Dei vender seg til det ¬som ikkje gagnar,dei har vorte lik ein boge ¬som ikkje duger.Deira hovdingar skal falla ¬for sverdfordi dei forbanna ¬med si tunge.For dette vert dei spotta ¬i Egypt.

Les hele kapitlet Hosea 7