Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Habakkuk 1:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dette er dei domsord som profeten Habakkuk fekk i synene sine.

2. Kor lenge, Herre, skal eg ropautan at du gjev meg svar,klaga og skrika til deg om valdutan at du frelser?

3. Kvifor lèt du meg sjå urettog vera vitne til ulukke?Eg ser berre øyding og vald,det kjem til strid og trette.

4. Difor er lova maktlaus,og retten vinn ikkje fram.For gudlause kringset ¬dei rettvise,og dermed vert retten rengd.

5. Gjev akt på folka, sjå dykk om,mållause av undring!For ei gjerning gjer eg ¬i dykkar dagar– de ville ikkje tru det ¬om det vart fortalt!

6. Sjå, eg vekkjer kaldearane,det harde og framfuse folket,som fer så vide ikring på jordaog tek framande bustader ¬i eige.

7. Grufulle og skræmande er dei,dei avgjer sjølve sin rett ¬og si ære.

8. Deira hestar er raskare ¬enn leopardar,snøggare spring dei ¬enn steppeulvar.Deira hestfolk kjem ¬i strykande tan,deira ridehestar ¬frå land langt borte.Som ørna på jakt etter føde

9. kjem dei alle ¬og vil gjera valdsverk.Stridslystne går dei på,dei samlar fangar som sand.

Les hele kapitlet Habakkuk 1