Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Forkynnaren 6:1-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ei ulukke har eg sett ¬under sola,ho kviler tungt på menneska:

2. Det hender ¬at Gud gjev ein mannbåde rikdom og gods og ære,så han ikkje vantar nokoav alt det han ynskjer seg.Men Gud lèt han ikkje nyta ¬godt av det,ein framand et det opp.Det er meiningslaust, ¬beiskt og vondt.

3. Ein mann kan få hundre bornog leva i mange år.Men har han ikkje glede ¬av alt det gode,kor lenge han lever,og får han heller ikkje ¬ei grav,då vil eg seia:«Eit ufullbore foster ¬er betre fare enn han.»

4. For det kjem livlaust ¬til verda,i mørker går det bort,og i mørker ¬får det namnet sitt løynt.

5. Det har ikkje sett dagsens ljosog kjenner ikkje sola.Likevel kviler det betre ¬enn han,

6. om han så hadde levti to gonger tusen år,men ikkje fått røyna lukka.Fer ikkje alle til same staden?

7. Mennesket strevar berre ¬for maten,men det får aldri ¬stetta sin trong.

8. Kva føremon ¬har den vise framfor dåren?Kva hjelper det ein stakkar ¬å vitakorleis han skal ferdast ¬i livet?

9. Det er betre å sjå ¬på det ein har,enn å gå der ¬med hug på noko anna.Det òg er fåfengd ¬og jag etter vind.

Les hele kapitlet Forkynnaren 6