Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Ester 5:1-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Tredje dagen kledde Ester seg i sitt dronningskrud og steig inn i den indre kongsgarden, midt framfor kongshalla. Kongen sat på kongsstolen i halla, midt imot inngangen til salen.

2. Då han fekk sjå dronning Ester der ho stod ute i garden, tykte han vel om henne. Han rette gullstaven, som han hadde i handa, ut mot henne, og Ester gjekk fram og tok i enden av staven.

3. Då sa kongen til henne: «Kva har du på hjarta, dronning Ester? Er det noko du ynskjer? Om det så er halve riket, skal du få det.»

4. Ester svara: «Om du så synest, herre konge, ville eg gjerne at du og Haman i dag skulle koma til det gjestebodet eg har stelt til for deg.»

5. Då sa kongen: «Skunda dykk og henta Haman, så Ester kan få ynsket sitt oppfylt.»Så kom kongen og Haman til gjestebodet som Ester hadde stelt til.

6. Medan dei sat og drakk vin, sa kongen til Ester: «Er det noko du vil be om, skal det gjevast deg. Er det noko du ynskjer, skal du få det, om det så er halve kongeriket.»

7. Ester svara: «Det eg ynskjer og bed om, er dette:

8. Har kongen godvilje for meg, og vil kongen gje meg det eg bed om, og gjera det eg ynskjer, så må kongen og Haman koma til det gjestebodet eg vil stella til for dei. I morgon skal eg då gjera som kongen seier.»

9. Den dagen gjekk Haman glad og fjåg derifrå. Men då han fekk sjå at Mordekai, som sat i slottsporten, korkje reiste seg eller viste han vørdnad, vart han brennande harm på Mordekai.

10. Men han styrte seg og gjekk heim. Så sende han bod etter venene sine og Seresj, kona si.

11. Og han la ut for dei om den store rikdomen sin og alle sønene sine, og korleis kongen hadde gjort han mektig og sett han over dei andre stormennene og embetsmennene åt kongen.

Les hele kapitlet Ester 5