Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esra 8:22-36 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

22. For eg skjemdest over å be kongen om stridsmenn og hestfolk til å hjelpa oss mot fiendar på vegen. Vi hadde då sagt til han at vår Gud held si hand over alle som søkjer han, og gjer vel imot dei, men at han lèt si makt og sin vreide koma over alle som vender seg bort frå han.

23. Difor fasta vi og bad vår Gud om hjelp, og han høyrde bøna vår.

24. Så valde eg ut tolv av dei øvste prestane og Sjerebja, Hasjabja og ti av brørne deira.

25. Eg vog opp for dei sølvet, gullet og kara, alle gåvene til Guds hus frå kongen, rådgjevarane og hovdingane hans, og frå alle israelittane som budde der.

26. Det eg vog opp, lét eg dei få: 650 talentar sølv, sølvkar som var verde 100 talentar, 100 talentar gull,

27. 20 gullstaup som var verde 1 000 dareikar, og 2 kar av fin, skinande bronse, dyr som gull.

28. Eg sa til dei: «De er vigde til Herren. Kara òg er vigde, og sølvet og gullet er friviljuge gåver til Herren, dykkar fedrars Gud.

29. Ta vel vare på alt dette til dess de kan vega det opp for dei øvste prestane, levittane og Israels ættehovdingar i Jerusalem, i roma ved templet.

30. Prestane og levittane tok imot sølvet og gullet og kara, alt som var oppvege. Dei skulle føra desse gåvene til huset åt vår Gud i Jerusalem.

31. Den tolvte dagen i den fyrste månaden tok vi ut frå Ahava-elva og drog til Jerusalem. Vår Gud heldt si hand over oss og berga oss frå fiendar og landevegsrøvarar som ville ta på oss.

32. Då vi kom til Jerusalem, kvilte vi i tre dagar.

33. Den fjerde dagen vog vi opp sølvet og gullet og kara i huset åt vår Gud og gav alt til presten Meremot, son til Uria. Saman med han var Elasar, son til Pinhas, og levittane Josabad, son til Josva, og Noadja, son til Binnui.

34. Alt vart overgjeve etter tal og vekt, og vekta vart samstundes oppskriven.

35. Dei bortførte som var komne heim att or fangenskapet i Babylonia, bar fram brennoffer for Israels Gud. Dei ofra 12 oksar for heile Israel, 96 verar, 77 lam og som syndoffer 12 bukkar. Alt dette var brennoffer til Herren.

36. Sidan bar dei fram føresegnene åt kongen til dei kongelege satrapane og til statthaldarane hans i provinsen vestanfor Eufrat. Desse mennene gav si støtte til folket og til Guds hus i Jerusalem.

Les hele kapitlet Esra 8