Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 11:2-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. Ein kveld hende det at David stod opp or senga si og gjekk og dreiv på slottstaket. Som han såg utover frå taket, fekk han auga på ei kvinne som heldt på og lauga seg; det var ei ovfager kvinne.

3. David sende bod og spurde seg føre om henne. Han fekk vita at det var Batseba Eliamsdotter, kona til hetitten Uria.

4. Så sende David folk og henta henne til seg; og då ho kom, låg han med henne. Ho hadde nett reinsa seg etter at ho hadde vore urein. Sidan gjekk ho heim att.

5. Men kvinna hadde vorte med barn og sende bod til David med dei orda: «Eg skal ha barn.»

6. Då sende David bod til Joab: «Lat hetitten Uria koma hit til meg!» Og Joab gjorde som kongen hadde sagt.

7. Då Uria kom, spurde David korleis det stod til med Joab og hæren, og korleis det gjekk med krigen.

8. Så sa han: «Gå no heim og vaska føtene dine!» Og då Uria gjekk ut frå kongsgarden, sende kongen ei gåve etter han.

9. Men Uria la seg i slottsporten saman med alle tenarane åt kongen; han gjekk ikkje heim til huset sitt.

10. Då David fekk vita at Uria ikkje hadde gått heim til seg sjølv, sa han til han: «Har du ikkje vore på reis? Kvifor har du ikkje gått heim til ditt eige hus?»

11. Uria svara: «Israelittane og judearane bur i lauvhytter, og paktkista har dei med seg. Joab, herren min, og mennene til kongen ligg i leir på open mark. Og så skulle eg gå heim og eta og drikka og liggja med kona mi? Så sant du lever, så sant det finst liv i deg: Det gjer eg ikkje!»

12. Då sa David til Uria: «Ver no her i dag òg! I morgon sender eg deg av stad att.» Så vart Uria verande i Jerusalem den dagen og dagen etter.

13. David bad han til seg. Dei åt og drakk saman, og David skjenkte han til han vart drukken. Men om kvelden gjekk han og la seg på plassen sin saman med kongsmennene; heim til huset sitt gjekk han ikkje.

14. Morgonen etter skreiv David eit brev til Joab og sende det med Uria.

15. I brevet stod det: «Set Uria lengst framme, der striden er hardast, og dra dykk attende frå han, så han fell og misser livet!»

16. Joab, som låg og vakta på byen, sette då Uria på ein stad der han visste det var sterke karar innanfor.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 11