Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Samuelsbok 1:1-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då Saul var død, og David var komen heim att etter at han hadde vunne over amalekittane, heldt han til i Siklag i to dagar.

2. Tredje dagen kom det ein mann frå Sauls leir med sundrivne klede og mold på hovudet. Då han kom fram til David, kasta han seg vørdsamt til jorda.

3. David spurde han: «Kvar kjem du frå?» Han svara: «Eg har rømt frå Israels-leiren.»

4. Då sa David til han: «Korleis har det gått? Fortel meg det!» Han svara: «Mennene rømde frå slaget, og mange av dei fall og miste livet. Saul og Jonatan, son hans, er òg døde.»

5. David spurde den unge guten som fortalde han dette: «Korleis veit du at Saul og Jonatan, son hans, er døde?»

6. Guten som kom med bodet, svara: «Det laga seg så at eg kom opp på Gilboa-fjellet. Der stod Saul og stødde seg til spydet sitt, medan stridsvognene og hestfolket trengde hardt inn på han.

7. Best det var, snudde han seg, og då han fekk sjå meg, ropa han på meg. Eg svara: Ja.

8. Så spurde han: Kven er du? Eg svara: Eg er ein amalekitt.

9. Då sa han til meg: Kom hit og drep meg! Det svimrar for meg, men enno er eg ved fullt medvit.

10. Så gjekk eg bort til han og gav han banehogget, for eg skjøna at han ikkje kunne leva når han fall om. Eg tok diademet han hadde på hovudet, og ringen han bar på armen, og her kjem eg med dei, herre.»

11. Då tok David tak i kleda sine og reiv dei sund. Det same gjorde alle mennene som var med han.

12. Og dei heldt syrgjehøgtid over Saul og Jonatan, son hans, og over Herrens folk og Israels ætt, fordi dei var falne i slaget. Dei gret og fasta heilt til kvelden.

Les hele kapitlet 2. Samuelsbok 1