Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 18:4-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Den gongen Jesabel rudde ut Herrens profetar, tok han hundre profetar og løynde dei i to holer, femti i kvar hole, og sytte for mat og drikke til dei.

5. No sa Akab til han: «Kom, lat oss fara gjennom landet, til alle kjelder og bekker! Kanskje vi då finn gras, så vi kan halda liv i hestar og muldyr og ikkje treng slakta noko av buskapen.»

6. Så delte dei landet mellom seg; dei skulle fara gjennom det kvar for seg. Akab fór ein veg og Obadja ein annan.

7. Som no Obadja gjekk framover vegen, møtte han Elia. Med det same han drog kjensel på han, kasta han seg ned og sa: «Er det du, min herre Elia?»

8. Han svara: «Ja, det er eg. Gå og sei til herren din at Elia er her.»

9. Men Obadja sa: «Kva vondt har eg gjort, sidan du vil gje meg i hendene på Akab og la han drepa meg?

10. Så sant Herren din Gud lever: Det finst ikkje det folk eller rike som herren min ikkje har sendt bod til og spurt etter deg. Når dei så svara at du ikkje var der, lét han det riket og det folket gjera eid på at dei ikkje kunne finna deg.

11. Og så seier du at eg skal gå og seia til herren min at Elia er her.

12. Når eg no går frå deg, vil Herrens Ande ta deg og føra deg bort til ein stad som eg ikkje veit om. Kjem eg så og seier frå til Akab, og han ikkje finn deg, drep han meg. Og eg, tenaren din, har då hatt age for Herren heilt ifrå ungdomen.

13. Har du ikkje høyrt, herre, kva eg gjorde den gongen Jesabel drap Herrens profetar? Eg løynde hundre mann i to holer, femti i kvar hole, og sytte for mat og drikke til dei.

14. Og no seier du at eg skal gå og seia til herren min at Elia er her. Då drep han meg!»

15. Då sa Elia: «Så sant han lever, Herren, Allhærs Gud, som eg tener: I denne dag skal eg stiga fram for kongen.»

16. Så gjekk Obadja sin veg. Han møtte Akab og fortalde han dette, og Akab gjekk av stad, ville møta Elia.

17. Med det same Akab vart var Elia, sa han: «Er du her, du som fører ulukke over Israel?»

Les hele kapitlet 1. Kongebok 18